Ein fin og lett tilgjengeleg tur i sentrum av Hellesylt. Hit kan du komme deg både med sykkel, barnevogn og rullestol, og det er ein fin tur også for små bein.
Frå parkeringa ved Hægstad Gård startar turen langs asfalt oppover bygda mot Hellesylt stadion. Du passerer både Formac og HT bygg på høgreside og deretter fotballstadion på venstreside. Etter gravplassen tek du til venstre over brua på Korsbrekke. Du er no over på grusveg som du skal følge til endes. Ved enden på Shellkaia er det benkar til ein liten kvil og fin utsikt mot Hellesylt sentrum.
Parkering ved Hægstad Gård i Hellesylt sentrum.