English

Settemsvarden

Surnadal

Kort om turen

På denne turen følgjer du skogsveg opp lia til flotte Settemsvarden. Her kan du nyte matpakken med utsikt over fjord og fjell frå rastebenken like ved varden. Det er enno ein del snø dei siste par hundre metrane heilt oppe ved toppen. Viss du tykkjer det er greitt å veda litt snø, går det greitt følgje fotspor i snøen dei siste metrane opp.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Settem følgjer du merka KNT-sti i retning Jutulbu. Dette er ein del av Fjordruta. Turistlina følgjer skogsvegen oppover. Omtrent halvmidt oppi lia kan du ein plass velje om du vil halde deg på skogsvegen, eller ta ein snarveg opp etter ein brattare sti der turistlina går. Stien kjem innpå att skogsvegen lenger opp, så her kjem du fram uansett kva alternativ du vel. Rett før du kjem opp på likanten, tek du av i yttersvingen og følgjer stien heilt opp på lia. Her tek du av utover i skilta retning mot Settemsvarden.  

Tilkomst og parkering

Køyr til Settemsdalen i Surnadal kommune og ta av utover mot Bøfjorden. Køyr i ca 4 km til vegkrysset på Settem. Parker på skilta parkering framfor driftsbygninga på høgre side av vegen. Her startar KNT-stien til Jutulbu, ein del av Fjordruta. Denne skal du følgje.
Fottur
Blå
Lengde
2,46 km en vei
Stigning
384 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
405 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4
Sti 0,9

Offentleg transport

Nei

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut