English

Saudebotn frå Kaldhussætra

Fjord

Kort om turen

Turen til Saudebotn har bratt stigning på grusveg - ei god treningsøkt! Men når du først er ferdig med den bratte kneika så flatar vegen ut og du er i eit fint fjellområde, ein innfallsport til Tafjordfjella og Reinheimen Nasjonalpark.

Ruteskildring

Turen til Saudebotn følgjer god grusveg. Vegen er stengt for trafikk med bom ved startpunktet. Det er Tafjord Kraftproduksjon som eig vegen og som brukar den til tilsyn av kraftanlegga i området. Vegen er til dels svært bratt, og det er imponerande å sjå for seg at her har store turbinar blitt frakta både opp og ned på lastebil.

Etter omlag 1,5 km bratt stigning flatar terrenget meir ut. Her finn du stidele for DNT Sunnmøre si rute mot Danskehytta og Grotli. Hald fram på grusvegen. Bygningane du passerer er tilknytta Tafjord Kraftproduksjon. Snart kjem du til høgste punkt på vegen, like ved ein varde, og du ser innover mot kraftstasjonen i Saudebotn. Vegen går no litt nedover att. Kodeplata for turmålet er festa på ein garasje like ved kraftstasjonen.

Det er mogleg å halde fram turen i området ved å gå vidare til Fagerbotn eller Fetvatnet, eller endå lenger inn i Tafjordfjella. Bruk turkart.

Tilkomst og parkering

Frå Valldal sentrum køyrer du gjennom Fjørå-tunnellen og følgjer fv. 92 mot Tafjord (12 km).

Frå Tafjord er det om lag 12 km, delvis bratt asfaltveg oppover, til Kaldhussætra. Følg skilting og køyr nesten til enden av vegen, ved fremste Kaldhussætervatnet. Vegen endar ved ein kraftstasjon, men vår rute startar like ved vegen, 600 meter før kraftstasjonen og før området med fire hytter/hus.

Turstart på grusveg til venstre, skiltstolpe med DNT-skilt mot Danskehytta.

Det er plass til 3-4 bilar på ei lita utkøyring på nedsida vegen ved turstart. 

Fottur
Blå
Lengde
2,77 km en vei
Stigning
358 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
910 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,77

Kart

Turkart Norddal 1: 50 000, Tafjordfjella 1: 50 000

Lenke til turskildring

Les meir om Tafjord Kraft sin historie her: https://www.tafjord.no/konsern/konsern/vaar-historie/
Køyreskildring
Print ut