English

Sandviksdalen

Volda

Kort om turen

Sandviksdalen er ei litt skjult perle: ein skoglaus fjelldal i eit solrikt område. Flott utsikt fremst i dalen og lengst inne eit fiskevatn med veldig fine forhold for å telte. Mange kombinasjonsmuligheiter for avstikkarar og lenger turar. 

Ruteskildring

Lett start på turen på traktorveg med slak stigning, ca 400m nordover. Der vinklar stien til venstre og går over på ein litt enklare traktorveg som slynger seg oppover. Gammal og krokete furuskog og olivinberg. Skikkeleg hjorteterreng! Etter ca 700m sluttar traktorvegen og går over i ein godt merka og relativt tydeleg sti. Denne følger ein oppover i lia, gjennom bjørkeskog som vert stadig lågare og meir krokete. Oppe på dalmunningen er det heilt skoglaust, og du får flott utsikt over Bjørkedalen, men også heilt sør til Jostedalsbreen og Lodalskåpa. Her kan ein velge å ta turen opp på LisjeTua (893 moh) og alternativt enno lenger bakover mot Bytingstinden. Frå dalmunningen flatar terrenget markert ut innover dalen, og etter ca 200m kjem ein til eit godt kryssingspunkt over elva. Der er det skilta mot Vassendefjellet, men ein kan også gå ca 250m bort på utsiktspunktet som heiter Nausa. Vidare innover i dalen går ein i slak stigning inn til den enorme endemorena som demmer opp vatnet - dette er litt av eit naturfenomen!  Her er det fine grassletter og perfekt å telte kvar ein vil. Det er fisk i vatnet, men den er ganske sky. Anbefaler å gå ein tur rundt vatnet, for inst i botnen er der mange fine små dammar og idyllar. 

Tilkomst og parkering

Ta av Rv651 i Søre Bjørkedal og køyr Sagelvsvegen 350 m rett vestover. I krysset ved brua startar Laurdalsvegen; denne grusvegen følger du oppover bakkane ca 2,0km. Når du kjem til ei trebru, kan du parkere før eller etter brua. God plass på begge sider av brua. Før brua står det grøne turskilt mot Sandviksdalen, LisjeTua og Vassendefjellet.  Husk bompengar på Laurdalsvegen. 

Fottur
Blå
Lengde
2,35 km en vei
Stigning
455 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
755 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Anna

På veg oppover lia er det anbefalt å ta ein liten avstikkar ca 70m bort til Jo-storefura (skilta frå traktorvegen). Denne gamle kjempen har fått stå i fred her på fossekanten i 2-300 år, så den ruvar godt.

Det seiest at vatnet i Sandviksdalen opphavleg var vesentleg større. Ein gang på 1700-talet brast den store endemorena og elva førte med seg ei stor bølge av vatn og grus ned i Bjørkedalsvatnet. 

Køyreskildring
Print ut