Turen frå Tjørvåg eller Sandvika opp til Sandvikhornet er ein populær tur med flott utsikt. Herifrå kan ein fylgje merka sti til Rysseviktua og Storehanen.
Her omtalast ruta til Sandvikhornet frå Tjørvåg. Frå MH24, kryss hovudvegen og følg veien opp til Sandvikskaret (0,9km). Følg merkt sti 1,2km opp søraustryggen mot Sandvikhornet og turpostkasse. Turen frå Sandvikskaret er merka med stikker. Ønsker du å gå vidare mot Rysseviktua og Storehanen er denne turen omtala i ein eigen tur på morotur.no. https://www.morotur.no/?lat=62.29093784&lng=5.69826839&zoom=18&county=8&q=sandvikhornet
Tjørvåg: Parkering ved Bunker Oil (nedlagte butikken). Her finst og ei informasjonstavle på veggen til den nedlagte butikken.
Sandvika: Mellom Moltu og Stokksund, ta opp mot Sandvika på vestlegaste avkøyring og så til høgre ved postkassestativet. Hald til høgre og følg vegen til merka parkeringsplass. Køyr forsiktig gjennom gardstunet. Stiane frå Tjørvåg og Sandvika møtes i Sandvikskaret (sjå eige side på morotur.no)