English

Sandslegene/ Legebu frå Skare

Sande

Kort om turen

På turen til Sandslegene og gapahuken Legebu følger du ein velheldt traktorveg heilt fram. Det er litt stigning i starten, elles er det flatt.

Ruteskildring

Sandslegene ligg vakkert til i solsida på eit platå ovanfor Sande, på sydsida av Sandsøya. Frå Skare går det ein fjellveg opp til gapahuken Legebu. Trimposten er plassert ved gapahuken, om lag 1,7 km frå parkeringsplassen på Skare. Ein skulle tru at sydvesten stod på her omtrent heile tida, men faktum er at det ofte er lite vind her i slikt vêr.

På Sandslegene er det sol mange timar kvar dag heile året, sjølvsagt gitt at det er klarvêr. Panoramautsikta er fantastisk – 180 graders synsvinkel frå Sunnmørsalpane i aust, via Vanylvsgapet og Nordfjord i syd, og til Stadhavet i vest. Nordover går det bratt rett opp til Rinden. Det er også merka sti frå Bringsvoren, i tillegg til fjellvegen frå Skare.

Tilkomst og parkering

Skare, i enden av fylkesveg 5860
Fottur
Grønn
Lengde
1,75 km en vei
Stigning
97 m
Tidsbruk
40min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
115 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Grus 0,1
Køyreskildring
Print ut