English

Sandfjellet frå Hornindal skisenter

Volda

Kort om turen

Denne turen er det ikkje så mange som tek, så her kan du finne urørt snø og få ei flott nedkøyring. Jamn stigning utan veldig bratte parti. Flott utsikt frå toppen!

Ruteskildring

Denne ruta startar frå parkeringsplassen ved Hornindal skisenter og går via Bruasætra. Ein kan også starte frå Engebø (sjå eigen turomtale). Like bak Bruasætra går det ei bru over elva. Gå over denne og skrå nordaust opp mot Hjortedalssætra til du kjem opp til ei skiløype. Følg denne til høgre/austover og kryss elva nedanfor Hjortedalssætra. Når du har kryssa elva, kan du skråe opp mot Hjortedalssætra, gå mellom hyttene og vidare på skrå i retning toppen, d.v.s. nordleg/nordaustleg retning.  Du kan også ta til høgre opp mot Litledalsvatnet. I 1000 meters høgde ligg den siste sida framfor deg. Slak stigning som gir flott nedkøyring! Følg omtrent same veg tilbake. Etter Hjortedalssætra kan du følge løypa som går ned mot Engebø/skisenteret. Då får du renne eit godt stykke nedover, før du må gå litt motbakke før du er tilbake på parkeringsplassen. Ta av ved skilt "Lysløype, Skisenteret", og om litt opp til høgre rett etter ei bru, så er du straks på parkeringsplassen.

Sjølv om turen er rekna som rimeleg trygg, må du sjølv vurdere snøtilhøva/rasfaren og gjere trygge valg.  

Tilkomst og parkering

Frå E39 like vest for Grodås sentrum, tek du av på FV 60 til Stranda/Hellesylt. Like etter at du har passert ei smal bru, ser du skilt til Skisenter. Følg denne skiltinga til du kjem opp til Hornindal skisenter. Turen startar i enden av parkeringsplassen der skiløypa startar. Parkering ved Hornindal skisenter. Kr. 50 i 2019. Du kan betale med Vipps
Skitur
Rød Fjell
Lengde
10,40 km tur/retur
Stigning
844 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1167 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 3

Offentleg transport

Nei

Anna

Du kan også starte frå Engebø. Då vil du kunne renne heilt ned til start. Køyr FV60 til du kjem til skilt til Engebø. Ta av her. Parkering like etter bompengebetaling. Sjå turomtale "Sandfjellet frå Engebø".

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut