English

Sandfjellet i Hornindal

Volda

Kort om turen

Fint turmål i Hornindal, og tek du returen via Tussen får du ein flott og variert rundtur. Sandfjellet er ein av toppane i fjelløpet Hornindal rundt

Ruteskildring

Stien startar ved parkeringsplassen og det er godt skilta. Stien er tydeleg heile vegen til topps. Den stig jamnt. På slutten er det litt stein/ur som er god å gå i. På toppen er det skilta mot Tussen. Du ser også ei rekkekvite merke som du kan følge. Dette er merking som er gjort i samband med fjelløpet Hornindal rundt. Ruta går først på stein/ur, før den går over i sti ned nokre grasbakkar ned til Tussevtana. Ei flott nedstiging med flott utsikt. Stien går på venstre side av vatna, og etterkvart kjem du ned att til vegen. No er det 6-700 m tilbake til turstart

Tilkomst og parkering

Like vest for Grodås tek du av frå E39 til Stranda/Sykkylven/Hellesylt (FV60). Etter ca 3,5 km tek du av til Engebø. Følg denne vegen forbi Hjortedalsætra. Det er bomveg etter dei siste gardane (kr.30 i 2019. Du kan betale med Vipps) Frå bomstasjonen og til Hjortedalsætra er det ca 2 km. Du skal 5-600 m forbi Hjortedalssetra. Det er skilta ved start, og her er det plass til å sette frå seg bilar. Det er også mulig å køyre på bomveg frå Hornindal skisenter
Fottur
Rød
Lengde
7,26 km rundtur
Stigning
614 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1176 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei, ev. kan du sykle

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut