English

Sandfjellet frå Engebø

Volda

Kort om turen

Fin skitur med flott utsikt mot sunnmørsalpar og Hornindalsvatnet. Lang og fin nedkøyring. Skredtrygg rute

Ruteskildring

Frå P-plass følger du løypa vidare. I første løypedele er det skilta Gamlesætra. Her skal du skråe oppover til høgre i granskogen på ein skogsveg. Følg denne eit stykke, knapt 500 m (ev. før), og baut deg opp gjennom skogen. Du kan truleg følge i andre sine spor. Når du kjem ut av skogen, er det berre å finne din eigen veg mot toppen. Du ser ikkje toppen før du er på ca. 1000 høgdemeter. Då skal du nokre få høgdemeter ned før du legg i veg på siste sida til topps.

Følg same rute ned att. Du får ei flott nedkøyring. Kanskje litt "baksing" i skogen, men det går fint å finne ei rute om du gir deg litt tid. Når du kjem ned att på skogsvegen, er det berre å følge denne ned att til startpunktet.

Tilkomst og parkering

Like vest for Grodås sentrum, retning Volda, tek du av på FV 60 mot Stranda/Hellesylt. Køyr knapt 4 km og ta av til Engebø. Parkering like etter siste garden, plass til ca. 20 bilar. P-avgift kr. 50 (2022). Du kan betale med Vipps
Skitur
Rød Topptur
Lengde
10,56 km tur/retur
Stigning
860 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
1176 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 0,56

Kart

norgeskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps. kr. 50 i 2022
Køyreskildring
Print ut