English

Sætrefjellet

Ålesund

Kort om turen

Sjølve toppen er flat og fin og har flott utsikt i alle retningar. Familevenleg tur.

Ruteskildring

Start ved parkeringa på Solliedsetra like ved VIPP-hytta. Grei rås som i starten føljer same sti som til Høgsvora. Fyl råsa til terrenget flatar ut ved innløpet til Kvanndalen og råsa byrjar gå langs elva. Her skal du ta av på skrå til venstre og litt innover i dalen på ny rås som fører i retning av Geitanibba og Sætrefjellet. Råsa er merka med raud måling på steinane og merkepinnar. Sætrefjellet ligg no på venstre side. Det er ganske bratt eit lite stykke, men likevel greitt å gå. På toppen av denne stigninga opnar terrenget seg, ein ser mot Snaufjellet og sørvestover eit lett kupert terreng mot Vestrefjellet. Snur ein seg, har ein flott utsyn mot Høgsvora. Det ligg ei lita tjønn her, noko som gjer det ekstra fint å stanse. Skaret blir kalla Kleggskaret. Her på Kleggskaret skal du ta av til venstre flatt utover til Sætrefjellet. Denne turen er ny og stien frå skaret og bort til toppen er ikkje tydeleg enda.

Tilkomst og parkering

Solliedsetra på Vaksvikfjellet. Ved VIPP-hytta på Solliedsetra. Det er bomveg opp frå Vaksvikfjellet.
Fottur
Blå
Lengde
3,13 km en vei
Stigning
377 m
Tidsbruk
2 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
711 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5
Ingen sti 1,2

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut