English

Sæssnakken (Lauvstad)

Volda

Kort om turen

Sæssnakken er eit populært turområde som ligg på høgda over Sæteråsen/ Grøtholen. Det er utplassert fleire benker i området, og på Sæssnakken er det bålpanne.Turen passer godt for borna, og det er fin utsikt mot både fjord og fjell. Ein kan gå ned att både i Sæteråsen og i Grøtholen

Ruteskildring

Råsa starter i Sæteråsen 164 moh. Følg merka rås til Sæssnakken frå parkeringsplassen. Ein kan også følge vegen til miderste garden i Sæteråsen og gå opp derifrå.

Tilkomst og parkering

Frå Lauvstad ferjekai, ta til venstre og køyr  Dalsfjordvegen. Etter ca 1,7 km  km ta til høgre opp Åsevegen.  Parkeringsplassen ligg til venstre når ein kjem opp på høgda, gratis parkering

Fottur
Grønn
Lengde
2,07 km rundtur
Stigning
86 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
234 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut