English

Sæsshornet skitur

Sande

Kort om turen

Sæsshornet ligg oppom Sætre i Gursken med utsikt utover Gurskefjorden. Du ser også ut mot Gjøna, opp mot Storetua, innover mot Sunnmørsalpane og Vanylvsfjella.

Ruteskildring

Start ved vassverkshuset på Holtane. Gå ned på austsida og bak vassverkshuset, følg den merka råsa ca 200 m, ta så til venstre og gå på vestsida av ein liten topp, sving så austover og bak den, gå så vestover opp mot toppen av Årekinna og følg ryggen på sørsida av Sæssvatnet ut til toppen av Sæsshornet. Dersom du vil ha ein rundtur er det mogleg å gå returen på nordsida av Sæssvatnet. Sjå skituren Klovane frå Holtane.

Tilkomst og parkering

Holtane i Gursken. Ta av frå fv 61 ved BEST stasjonen ved Skogevatnet, køyr fv 5864 ca 600 m og ta til høgre i vegkryss etter Jan Åge Fjørtoft stadion, køyr vegen opp Brekkane ca 450 m og ta til venstre og køyr til vegs ende, ca 500 m, til vassverket på Holtane og parker her. Vegen er vanlegvis brøyta heile vinteren pga vassverket.

Ved vassverkshuset på Holtane.

Skitur
Blå Fjell
Lengde
2,75 km en vei
Stigning
246 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
394 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Anna

Sæssvatnet er drikkevasskjelde for Gursken.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut