English

Rysseviktua frå Moltustranda via Lese- og kvilehytta

Herøy

Kort om turen

Turen til Rysseviktura via Lese- og kvilehytta er middels lang, men går i lett terreng og slakt terreng. Det er ein flott tur med "vidde-landskap" når høgdemeterane er tilbakelagde. 

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringplassen merka turparkering på Moltufjellet. Litt svak kort stigning på asfalt, før vidare på tildels flat grusveg mot Lese- og Kvilehytta på Moltufjellet. Fyl grusvegen vidare frå bommen og ta til venstre på nær toppen av bakken etter ca. 1,5 km på grusveg, det er skilta mot Rysseviktua. Vidare går stien oppetter fjellsida der deler av stien har nokre våte myrlende parti. Stien er godt merka med raude pinnar. Etter knappe 250 høgdemeter på ei strekke på 1 km så flatar stien ut og resten går i flatt og vidde-aktig terreng. Det er godt merka heilt til Rysseviktua. 

Tilkomst og parkering

Følg Fv 654 mot Fosnavåg og ta av til venstre i krysset  Moltustranda/Fosnavåg mot Moltustranda og følg vegen vidare ca. 5 km på Fv 10 til de kjem til Coop Moltustranda. Ta av til venstre og følg Nygjerdevegen vidare oppover bygda og vidare til fjellet. Frå parkeringa på Kvia/parkeringsplassen merka med P-skiltet for turparkering.

Fottur
Blå
Lengde
4,44 km en vei
Stigning
365 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
486 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,25
Grus 1,5
Sti 3
Køyreskildring
Print ut