English

Ryssdalsnebba

Molde

Kort om turen

Eresfjord.

Ryssdalsnebba er nabotoppen til Skjorta i Eresfjord. Du startar på 100 moh og følgjer setervegen opp til Kanndalen. Derifrå rett fram og opp på Gråfjellet og vidare til topps på Ryssdalsnabba, 1618 moh. Ein lang variert tur med jamn stigning og ei fenomenal utsikt.

Du er no på grensa mellom Sunndal og Molde kommune.

Rutebeskrivelse

Etter parkerig går du over Bjørbakkbrua, opp bakken svakt til venstre og følgjer Kanndalsvegen 4 km til Storstølen, den første seterstølen. Vidare fram til den neste som du ser framom deg, den heiter Gaddhaugen. Derifrå følgjer du åpent terreng svakt opp og fram til Fremste Tverelva. Denne krysser du ved første høve, alternativt følgjer venstre side heilt opp over skoggrensa og flatare terreng der du enklare kan krysse elva.

No er det berre å ta fatt på første og litt brattare stigning rett opp til Gråfjellet. Og vidare skrått opp i slakkare terreng. Her må du berre stålsette deg, dette er ei seig strekning som  kan tære på kreftene. Siste kneika til toppen er den brattaste.

På toppen finn du ingen flate og vær obs på overhengande skavlar. Men nyt utsikta og gled deg til nedrenninga. Før eller seinare tar mjølkesyra deg!

 

Mange går denne turen også med startpunkt frå Jordalsgrenda. Der er det bomveg opp til parkering litt over skoggrensa.

Adkomst og parkering

Frå Syltebø i Eresfjord tar du fylkesvegen opp austsida av bygda. Etter ein liten km tek du av opp til venstre på kommunevegen skilta til Granseter. Følg denne ein dryg kilometer oppover til parkering rett før Bjørbakkbrua. Seint på våren kan du køyre 1,6 km lenger, opp til Granseter. Men her er det begransa plass til bilar.
Skitur
Blå
Lengde
10,24 km en vei
Stigning
1483 m
Tidsbruk
6 t. 25 mi
Sesong
Vinter, Vår

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nei

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra
Kjørebeskrivelse
Print ut