Rundt omkring i Hovdeåsane og ved Hovdevatnet er det eit nettverk av merka turstiar. Dette er ein fin familietur eller ein lett trimtur. Der er fleire utsiktpunkt med kvilebenkar og ein gapahuk.
Ved parkeringsplassen ved Badeberget står der ei informasjonstavle over stinettet i Hovdeåsane og ved Hovdevatnet. Rundturen startar ved informasjonstavla og går opp skogsvegen og er merka mot Ytrehovdeåsen. Skiltinga er mot sola. Ved enden av skogsvegen tek ein av mot nord og så til venstre i første stikryss. Så er det berre å følgje stien og merkinga tilbake til utgangspunktet.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 3,34 |
Sti | 1,2 |