English

Strandafjellet via Nyseterskarven - rundtur frå Rauma skisenter

Rauma

Kort om turen

Denne rundturen går i variert terreng og gir mykje fin utsikt både mot Åndalsnes, Isjorden og Romsdalsfjorden, samt mot Skorgedalen og fjella rundt. 

Ruteskildring

Denne rundturen starter på parkeringsplassen i Skorgedalen i Rauma. Gå over brua mot Raumaskisenter. Følg grusveg, ta til høgre skilta mot Einangsetra. Ved vegens ende, gå over brua og følg stien videre som går i lett tereng (vått enkelte parti).

Før Einangsetra, ta stien til venstre merka Strandafjellet. Denne stien er merka med rødt og går no i brattare terreng. Over skogsgrensa eit stykke svinger stien mot høgre og følger ein rygg til ein fin varde, Likjevarden. Her er det flott utsikt mot Åndalsnes og Isfjorden og ned i Romsdalsfjorden. Stien går så litt tilbake, men krysser no myra og videre mot ein rygg. Følg stien, terrenget er variert en går både på stein og fine saudetrokk til Strandafjellet. Hold litt til venstre for å gå mot Nyseterskarven/Storstølskarven, følg så stien samme veg tilbake nokre meter, hold så til venstre og gå ned mot Storstølsvatnet. Gå så opp mot ryggen som fører ned til skitrekket. Da er det slutt på dei raude merka, men finn ein sti og gå ned slalombakken og tilbake til parkeringsplassen. Flott rundtur.

Turen kan gåes begge veger, og evt  tur-retur.

Tilkomst og parkering

Ta av frå Rv 64 på Skorgen i Rauma mot Skorgedalen og Rauma skisenter. Bomveg (betal med kort kr 90,-)Parker på parkeringsplassen.
Fottur
Blå
Lengde
7 km rundtur
Stigning
539 m
Tidsbruk
3-4 timar
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
790 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 5
Ingen sti 1

Anna

Mobildekning for Telenor abbonenter.

Lenke til turskildring

romsdal.com beskrevet som tur frå Rauma skisenter, opp slalombakken til Nyseterskarven med retur

Betalingsmiddel for bomvei

Bankkort kr 90,-
Køyreskildring
Print ut