Turen kan takast både sommar og vinter og er ein flott rundttur i relativt lett turterreng. Turen går over 3 fjelltoppar, har utsikt mot storhavet, romsdalsfjella og heile Nordmøre! På sommaren er det gode moglegheiter for bading i små tjønner, elver og vatn, samt overnatting ute.
Skitur: Følg vegen i 2,8 km før du tek av til venstre og følgjer bekkadal opp til ryggen til Indergardsnebba. Følg denne til topps av fjellet. Deretter ned i skaret mellom Indergardsnebba og Steinmerra. Her er dei to brattaste partia på turen, både opp og ned. Men etter ein kort bratt bakke er du opp på Steinmerra og kan nyte utsikta mot storhavet og Nordmøre. Hald fram langs ryggen forbi to små vatn før du sett kursen mot Mainnj/Mana og får ein fin unnabakke kor du kan kvile. Så er det motbakke opp til toppen av Mainnj og du er ferdig med motbakkane på turen. No gjenstår berre fin nedkjøring mot Randa og vidare nedover mot Stokkåsen. Hald så fram til Indergardssetra langs skogsveg og du er tilbake på vegen du skal følge tilbake til parkeringa.Fottur: Køyr på bomveg til Indergardssetra. Følg skilting til Indergardsnebba. Frå Indergardsnebba er ruta lik skitur-ruta. I dei små tjønnene på toppen av Steinmerra er det fint å bade på varme sommardagar, samt å overnatte under open himmel. Fantastisk solnedgang og soloppgang kan opplevast her!