English

Rundtur om Tjønnmyran

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein rundtur med lite stigning som er godt eigna til både kvardagstrim og søndagsturar, gjerne saman med dei yngste eller eldste i familien. Vi anbefalar ein stopp ved den trivelege gapahuken oppå Tjønnmyran. Der finn ein både klatrejungel, bålplass og toalett. Her er det også sitteplassar til mange rundt bålet.

Ruteskildring

Du startar å gå frå parkeringa ved gamle Talgø møbelfabrikk. Følg ein gamal kjerreveg opp Falla og forbi Storfossen, og du endar opp på hovudvegen som går til Kårvatn (Dalavegen). Fortsett etter denne til du ser skilt til «Tjønnmyran» (til høgre). Gå opp bakken, og du er komen til lysløypetrasèen oppå Tjønnmyran. Følg lysløypetrasèen utover mot bygda. Du finn turkassa ved enden av lysløypa, straks før du begynner nedturen til bygda att. Du følgjer skogsvegen gjennom hogstfeltet ned til hovudvegen, tek til høgre og går etter vegen tilbake til parkeringa.

Tilkomst og parkering

Køyr Todalsvegen i retning Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca 2 km deler vegen seg. Hald da til venstre og fortsett etter Markavegen fram til enden ved gammelfabrikken til Talgø møbelfabrikk. Her parkerer du på merka parkeringsplass.
Fottur
Grønn
Lengde
3,70 km en vei
Stigning
133 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
177 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,7
Sti 1,0

Offentleg transport

Nei
Køyreskildring
Print ut