English

Rundtur Indrehovdeåsen frå Hovden skule

Ørsta

Kort om turen

Rundt omkring i Hovdeåsane og ved Hovdevatnet er det eit nettverk av merka turstiar. Dette er ein fin familietur eller ein lett trimtur. Der er fleire utsiktspunkt med kvilebenkar.

Ruteskildring

Frå parkeringa ved Hovden Skule og Barnehage kan ein gå mot nord der det står ei informasjonstavle over stinettet i Hovdeåsane og ved Hovdevatnet. Rundturen er merka med Indrehovdeåsen og merka mot sola. Ved Hovdevatnet tek ein av til venstre, så til venstre igjen opp gjennom skogen ved merkinga Indrehovdeåsen 2,7km

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet tek ein av frå E39 i Hovdebakken (siste krysset før Flyplasskrysset når ein kjem frå Ørsta). I første krysset tek ein til venstre opp Indrehovdevegen ca 250m. Tak så av til høgre til Skulevegen. Etter ca 100m er ein framme ved parkeringa til Skulen/Barnehagen
Fottur
Grønn
Lengde
3,39 km rundtur
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
193 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 1,39
Køyreskildring
Print ut