English

Rundt Langøya og Årsundøya

Tingvoll

Kort om turen

Denne rundturen er ein fin ettermiddagstur, men kan og telte ved fleire av dei fine små strendene undervegs. På vestsida av Årsundøya er det eit flott offentlig friluftsområde med strand, opparbeida bålplass, søppelkasser og toalett. Her kan ein og sjå rester etter eit fort frå siste verdenskrig. 

Ruteskildring

Frå Finnvik båtbyggeri kan ein legge turen tvers over sundet og til østspissen av Langøya. Følger ein sørsida av øya vestover padler du langs ei strandlinje med varierande furu- og løvskog. Stranda er steinete, men her og der kan ein finne små sandstrender kor det er mogeleg å gå på land.

Etter ca. tre kilometer er vi framme ved det 200 meter breie sundet over til Årsundøya. Langs Årsundøya blir det meir frodig med løvskog og blomar i strandkanten. Rett ovafor den vesle øya Rotmalen ligg det ei lita strand, passande for bading og med plass til eit telt.

På vestspissen av Årsundøya runder vi fyret, før vi fortsett nordaustover mot friluftsområdet som er opparbeida her. Her finn du ei flott strand, grasmark og slå opp telt på og mange tre som passar til å henge opp hengekøya i. I tillegg er det toalett, søppelkasser og opparbeida bålplass. Ein fin plass for eit kort strandhugg eller ei overnatting. Herfra går det og an å komme seg bort på ruinene av Årsund Kystfort. Det tyske festningsanlegget fra andre verdenskrig skulle forsvare innseilinga til Freifjorden og Sunndalsfjorden.

Ved kystfortet tek vi fatt på den mest eksponerte delen av denne padleturen. Talgsjøen ligg utanfor, og ved nord nordvest vil det her bygge seg opp grov sjø. Det gjer at den vidare delen av turen bør gjerast i rolig vær eller ved sørlige vindretningar. Frå kystfortet og fram til austsida av Årsundøya er det relativt steile klipper og vanskeleg å komme på land. Når vi runder austspissen kjem vi fram til Bukta, nok ein fin plass å gå på land. Her står det ein benk, og grunneigar ønsker padlerar velkommen, men ber om at det blir tatt vanlege hensyn ved telting. 

På nytt krysser vi sundet mellom Årsundøya og Langøya, og  her er det ei ca. 500 meter lang kryssing. Nordsida av Langøya ber med sine blankskurte svaberg tydeleg preg av å væra meir eksponert, men her og finst landingplassar. På østsida av Langøya er ei lita sandstrand før vi krysser 400 meter over sundet til startplassen for turen, Finnvik båtbyggeri. 

 

Tilkomst og parkering

Turen startar ved gamle Finnvik Båtbyggeri kor det er lov å parkere på tomta. Her er ein slipp for å legge ut kajakkane. Eigar ber om at det blir vist vanleg hensyn ved parkering. Unngå å parkere foran porter til bygget og unngå å blokkere utsett av båtar. Ta med søppel heim.
Padletur
Blå
Lengde
11,35 km rundtur
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Turen egner seg best på østlige og sørlige vindretninger. Ved kraftig vest og nordavind er området på nordsida av Årsundøya og Langøya krevende med dønning inn fra Talgsjøen. Se opp for båttrafikk i sundet mellom øyene og fastlandet.
Køyreskildring
Print ut