English

Rundt Gryta

Surnadal

Kort om turen

Å gå «rundt Gryta» er ein populær kvardagstrimtur blant innbyggjarane i Nedre Surnadal. Den er like fin å gå sommar som vinter, og gatelysa langs strekninga sikrar at ein ikkje risikerer å mørkne ned i vinterhalvåret.

Ruteskildring

Frå butikksenteret går du i retning Surnadalsøra. Gå til Vassenden, ca. 1 km. Her tek du av til venstre og går oppetter langs Grytvegen. Etter ca. 1 km til har du avkøyrsla til Surnadal alpinsenter på høgre side. For å koma ned til startpunktet igjen, fortsett du vidare rett fram etter Grytvegen til du kjem til ei rundkøyring. Denne går du også rett fram i. Følj vegen nedover bakkane, og du er tilbake på Alti igjen.

Gryta er namnet på elva som renn rett gjennom området, og som du kryssar to gonger i løpet av denne turen. «Grytå» er elles også på folkemunne litt upresist bruka som eit «samlenamn» på alle  bustadfelta i nedre Surnadal.

Tilkomst og parkering

Alti-senteret i Surnadal sentrum
Fottur
Grønn
Lengde
4,03 km rundtur
Stigning
90 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
87 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 4,03
Køyreskildring
Print ut