English

Rundt Åspøya

Tingvoll

Kort om turen

Dette er ein padletur kor du heile turen kan halde deg langs land. Dei roligaste forholda får du ved austavind. Turen kan gjerast til ein overnattingstur, du finn fine plassar langs ruta der det mogeleg å slå opp telt. På turen passerer du og under Bergsøybrua, i si tid verdas lengste flytebru, no freda av Riksantikvaren.

Ruteskildring

Denne turbeskrivelsen legg opp til at du startar rundturen med å padle mot sør, og første del av turen følger samme ruta som Karihavet rundt. Frå Nålsundkanalen er raskaste vegen å krysse sørover til Børkjeneset, gjerne via Nastadholmen for å gjera kryssinga kortast mogeleg. Så fortsett du sørøver Langsetvågen. For å gjera denne delen av turen lettast mogeleg er det fint å ha «fallsjø» her, da har du straumen med deg. Etter at du så har passert under brua til E39 fortsett du i sørvestlig reting på innsida av Langøya mot Boksaspneset. På Boksaspneseter det lett å gå på land, gras og lyngmark med tre som gir ly. Herfra går turen vidare langsmed E39. Europavegen gjer forbausande lite «av seg» og i alle fall utanom den travlaste ferietida. Du kan no padle på innsida av Larsholman som er eit skjerma og roleg område fram til Skjevlingsnesset. Framme med Skjevlingsnesset passerer vi under Bergsøybrua, verdas første flytebru utan sideforankring, bygd i 1992, og freda av Riksantikvaren i 2008.

Etter Bergsøybrua dreier vi nord nordvestover og passerer etter ein kilometer Flatholmen. På denne lille holmen er det fint å gå på land, ein ideell plass for ei pause. Eit par kilometer lenger mot nord og ein km frå land ligg Aspholmen. Dette er ein idyllisk plass, eit gammelt handelssted i privat eige. Ein km lenger nord for Aspholmen, ved Bøyfotholmen, vender landet meir austover dei neste to km fram mot Sallaupnesset. Heile vegen rundt øya har det fram til no vore lett å komme på land, mange gode plassar for ei pause eller for å slå opp telt. Etter Sallaupnesset endrer dette seg. Heile vegen, ca tre km, fram til vi igjen kjem fram til Nålsundkanalen er det no bratt opp frå sjøen. Klipper gjev krevjande reflekssjø om vinden kjem frå nord. Dette, kombinert med få gode landingsplassar gjer at ved grov sjø frå nord kan væra eit godt alternativ å legge igjen kajakken her. Så kan du heller gå landevegen tre km fram til Nålsund og hente bilen.

Denne rutebeskrivelsen er utarbeidet av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal

Tilkomst og parkering

Det er flott å legge ut ved Nålsundkanalen. Grunneigar ønsker padlerar velkommen, men ber om at vegen til bryggene og utsett for båtar ikkje blir blokkert. Parker på parkeringsplassen på nordsida av Nålsundvegen, her er plass til 3 - 4 bilar.

Padletur
Blå
Lengde
20,57 km rundtur
Tidsbruk
5 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Ein fin tur, men tilknytta fleire lengre fjordar (Batnfjorden, Freifjorden, Talgsjøen) kor bølgene vil kunne dra seg opp på ugunstig vindretning.
Køyreskildring
Print ut