Turen startar i bratt terreng i skog, men etter ca 400 m går resten av turen i åpent terreng uten vanskelege parti. Nokre plassa går turen nær bratt fjellparti ned mot havet, og det kan muligens føles luftig noen plassa. Det er då mulig å velge å gå rås litt lenger inne i terrenget. Flott tur med nydelig utsikt. Kan vere våte parti i tydelig rås.
Gå tilbake langs vegen ca 100 m. Der er det oppslagstavle og skilting til rås. Du går opp langs eit jorde, og inn i skog som kan føles bratt og tung. Men fortvil ikkje, råsa går gjennom kløfta i fjellet, så det er ikkje så langt med bratt terreng. Turen vidare går i rås som tidvis kan vere litt våt. Vi er ute i havgapet, så husk kle etter forholda, og vindjakke er alltid lurt å ha i sekken. På baksida av Storevatnet og Lisjevatnet er det fleire fine steinruina etter gamle sel som sto der ein gong i tida. På denne turen står inntrykka i kø, både med fantastisk utsikt, spektakulær natur, og både Havørn og Lundefugl som viser seg fram for fotolystne mennesker. Trapp ned til Lundeura har gjort at mange kjem hit i april-mai, for å få med seg det vakre skuet når lundefuglen kjem inn om kveldane. På vakre vårkveldar kan det vere hundrevis av mennesker her for å sjå på lundefugl. Ta gjerne med mat og varm drikke og set av kvelden her i Lundeura. Store skiferheller og tregangar blir lagt ut der det er våte parti, og råsene oppe på fjellet blir kontinuerleg forbedra. Dette pga mykje turisme, og for å behalde naturen så best ein kan. Utenom april og mai, er det og mange som nyt naturen i dette fjellområde. Kjem ikkje lenger ut i havet en her, så det er berre å nyte og ta inn inntrykka, og lagre dei til mørkare tider og dårligare ver. Og drøyme om ny vår og nye turar til Rundefjellet. God tur :)
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 0,5 |
Sti | 6,2 |
Ingen sti | 1 |