English

Runde - Runde fyr - Goksøyr

Herøy

Kort om turen

Runde er ei svært populær øy å besøke der den ligg langt ut mot havet og med rikt fugleliv. Runde fyr er også ein attraksjon. Denne ruta har start på Runde, følger kanten i omlag 1,5 km til Lundeura, går vidare opp til Rundebranden, tek ein avstikkar til Runde fyr og endar i Goksøyr. Eit litt anna startpunkt enn dei fleste tek.

Ruteskildring

Rett etter Rundebrua tek du grusveg til venstre og følger denne omlag 500 m. Du finn turstart ved eit skilt om Runde. Stien går langs steingjerdet, gjennom ei grind og så til venstre rett etter grinda. Den er tydeleg heile vegen. Litt bratt opp til knapt 200 m.o.h. Her flatar det ut og du følger kanten vidare bortover mot der stien kjem opp frå Goksøyr. Flott utsikt heile vegen! Ta gjerne ein avstikkar bort til Lundeura. Lundefuglane kjem flygande inn hit om kvelden, eit flott syn som er verdt å få med seg. Gå vidare bakken opp til Rundebranden. Her er det yrande fugleliv. Frå Rundebranden følger du kanten vidare til du kjem til stidelet der du kan gå ned til Runde fyr. Stien har blitt oppgradert siste åra og er fin å gå sjølv om han er litt bratt. Det er knappe 200 høgdemeter ned og absolutt verdt å ta turen. Husa på Runde fyr vert no nytta av DNT, så her er det mulig å overnatte. Frå Runde fyr går du opp att same veg, og fortsetter på runda når du kjem opp att til stidelet. Her er det kloppar og hellelagt store delar av stien vidare til Goksøyr. 

Det er mange som besøker Runde. For å verne om naturen har det difor blitt gjort ein stor jobb med kloppar og steinsetting av stiar. Bruk desse og følg elles på etablerte stiar. 

Tilkomst og parkering

Følg FV 654 mot Fosnavåg, ta av på FV 18 mot Runde ved ein skule (Leinevegen). Det er skilta mot Runde. Rett etter Rundebrua tek du til venstre og køyrer ca 500 m til turstart. Det er eit stykke å gå frå Goksøyr til turstart, så det kan vere lurt å ha to bilar, ev starte i kvar sin ende. Det er mulig å parkere ved turstart, men det er ikkje plass til veldig mange bilar. Ved Goksøyr er det tilrettelagt for parkering. Dei fleste startar turen her.
Fottur
Rød
Lengde
8,91 km rundtur
Stigning
1003 m
Tidsbruk
4 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
259 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,9

Offentleg transport

Her finn du informasjon om transport https://fuglefjelletrunde.wordpress.com/om-runde/ Buss: frammr.no

Anna

Turen går i eit område som er både fuglefredingsområde og naturreservat med begrensa ferdsel. Les informasjonstavler, gå berre råsene og følg skilting. Ta gjerne turen innom Runde miljøsenter: http://rundecentre.no/

Lenke til turskildring

Sjå også turomtale Runde fyr
Køyreskildring
Print ut