English

Rotsethornet frå Volda sentrum

Volda

Kort om turen

Rotsethornet er volda sitt "byfjell" og har flott utsikt! Kjem du til Volda med buss eller ferge kan du nå toppen nesten utan å gå i asfalterte gater. Du går først Elvadalen, ein fin turveg langs Øyraelva og opp til Rotevatnet. Turvegen fortsetter først langs Rotevatnet og så opp til Kalsethola. Her startar ein litt bratt sti opp til toppen.

Ruteskildring

Frå busshaldeplassen går du langs Industrigata i retning E39, til du kjem til ei bru  Her er det skilta til Årneset/Rotevatnet/Volda stadion. Den vakre turvegen Elvadalen, startar her. Turvegen går langs Øyraelva heilt opp til Rotevatnet. Når du kjem opp til Volda stadion, fortsetter du på turvegen vidare langs Rotevatnet i 7-800 m. (Du har fotballbanene på di høgre side.) Like etter ei grind ved eit større bygg, tek du grusvegen opp til høgre. Denne skal du følge heilt til endes, til Kalsethola. Her kan det vere fint med ei lita pause før du begynner på siste, brattaste delen av turen. Det er skilta der stien startar. Hald deg til stien! Det har skjedd ulukker her, men held du deg til stien og er forsiktig, er det trygt. Det er litt småklyving oppover og nokre plassar får du hjelp av tau, kjetting og steg. Spanande og kjekt. Sjekk alltid taua før du brukar dei; trekk hardt i tauet slik at du er sikker på at det held. Stien er tydeleg heile vegen til topps. Frå toppen har du flott utsikt, og bur du i Volda eller på Folkestad, kan du sjå om du ser huset ditt.

Du kan velge om du vil gå same ruta ned att, eller om du vil gå vidare bakover frå toppen. Det er mange ruter å velge i; mest vanleg er ruta ned Lisjedalen. Du finn rutene på morotur ved å søke på Rotsethornet.

Om du har sykkel, går det fint å sykle første del av turen, opp til Kalsethola

Tilkomst og parkering

Denne turen tek utgangspuntk i at du kjem med buss, ev. ferge, til Volda. Om du likevel har bil, er det godt med parkeringsplass ved busshaldeplassen
Fottur
Rød
Lengde
4,38 km en vei
Stigning
688 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer
Høyeste punkt
634 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,18
Grus 3,2
Sti 1

Offentleg transport

Turen startar ved busshaldeplassen. Bussruter på http://www.frammr.no Dersom du kjem med ferge: Følg E39 (Hamnegata) i retning moloen til du kjem til utløpet av Øyraelva. Følg E39 vidare langs Øyraelva (Holmen) til du kjem til starten av Elvadalen

Anna

Det er fleire kulturminne langs Elvadalen. M.a. det gamle kraftverket Mylnefallet (https://www.nernett.no/artikler/historiespalten-mylnefallet). Ved Volda stadion er det mange aktivitetar: fotballbaner, skatepark, utetrening, klatrestativ, streetbasket-/isbane, diskgolf, badeplass (Årneset), sandvolleyball

Kart

Turkart Volda
Køyreskildring
Print ut