English

Rotevassætra frå Botnavegen

Volda

Kort om turen

NB! Det er enno godt med snø på denne turen og ein må rekne med å gå ein del av turen i snø.

Turen går på god skogsveg. Den høver godt til alt frå treningstur til roleg familietur. På Rotevassætra er der ei grindløde som alle kan bruke. I tillegg er det laga hengekøyefeste ved grindløda, så kvifor ikkje overnatte? Det er også bålpanne som du kan bruke. 

Ruteskildring

Det er lett å finne vegen. Frå turstart går det skogsveg heilt fram til setra. Det er skilta ved eit vegskille 1,5 km etter start. Flatt inn til vegskillet. Deretter litt stigning med nokre småkneiker.

Viss du vil gjere turen lenger, finn du turmål på turtavler undervegs og på setra.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum, følg E39 mot Stryn i om lag 1,2 km. Ta av til Vikebygda i rundkøyring. Følg Vikebygdvegen i knapt 2 km og ta av til Vassbotnen. Følg Botnavegen knapt 300 m. Like etter ei bru startar skogsvegen. Parkering ved turtavle der skogsvegen startar. Det er plass til 6-7 bilar.

Fottur
Blå
Lengde
8,94 km tur/retur
Stigning
299 m
Tidsbruk
3 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
381 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 9

Offentleg transport

Dei fleste vil kunne kome til start utan bil

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut