English

Rotevassætra frå Botnavegen

Volda

Kort om turen

Turen går på skogsvegen som startar ved Botnavegen og går heile vegen til setra. Variert tur med flatt strekk første 1,5 km og så litt stigning opp til setra. Ofte er her brøyta. Viss ikkje, kan du lage ditt eige spor. På Rotevassætra er der ei grindløde som alle er velkomne til å bruke. 

Ruteskildring

Følg skogsvegen frå start og opp til setra. Det er flatt til vegen deler seg etter 1,5 km. Her er det ei turtavle og skilt, så det er lett å finne vegen. No vert det litt meir stigning, med eit par småkneiker. Dette er ein tur som dei aller fleste vil klare.

Vil du gjere turen lenger, kan du gå vidare til Vadsteinsætra t.d. Turtavlene viser ulike turmål i området.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum, følg E39 mot Stryn. Ta av til Vikebygda i rundkøyring. Følg Vikebygdvegen i knapt 2 km og ta av til Vassbotnen. Følg Botnavegen knapt 300 m over ei bru. Her startar skogsvegen. Parkering ved turtavle der skogsvegen startar. Det er plass til 6-7 bilar.
Skitur
Blå Fjell
Lengde
8,94 km tur/retur
Stigning
298 m
Tidsbruk
2 t t/r
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
381 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Mange vil kunne kome seg til turstart utan bil sidan den ligg nokså sentrumsnært.

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut