English

Rotbergshornet

Ørsta

Kort om turen

Rotbergshornet er ein lite besøkt topp sjølv om den ligg midt i mellom nokre av dei gjevaste toppane i vestre Sunnmørsalpane. Mot nord ser vi Åvasstinden og Kjerringa, mot aust ser vi Sylvkallen og Grøtdalstindane, mot sør ser vi Veirahaldet og Snøhornet, mot sørvest ser vi Sandhornet og mot nordvest ser vi Saudehornet og Vassdalstinden.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen fyljer du skilting mot Kjerringa/Ljøsådalen, først ca 100 m på traktorveg, gå så råsa ca 350 m, då deler den seg, ta til venstre skilta mot Kjerringa/Ljøsådalen. Råsa går då rundt Rotbergshornet og opp Ljøsådalen på høgre sida av Ljøsådalsvatnet. Når du er komen opp på ryggen mellom Rotbergshornet og Kjerringa svingar hovedråsa til høgre mot Kjerringa, då tek du til venstre og går ryggen opp til Rotbergshornet. God rås frå Mosetra til du tek av frå hovedråsa, råsa derifrå og opp er enkelte plassar litt lite synleg men fint terreng å gå i etter ryggen.

Tilkomst og parkering

Ta av mot Sæbø i rundkøyringa på E 39 i Ørsta sentrum, køyr fv 655 ca 700 m, ta til venstre på Mosmarkvegen og køyr ca 900 m, forbi gravplassen, ta til venstre på Setrevegen skilta til Mosetra. Køyr til vegs ende og parker på parkeringsplass på Mosetra. Bomveg kr 50 i 2022.

Fottur
Blå
Lengde
4,47 km en vei
Stigning
569 m
Tidsbruk
3 t. 40 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
851 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,1
Sti 4,37

Kart

Sunnmørsalpane vest, M711 1219 III, norgeskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps eller kontant
Køyreskildring
Print ut