English

Rongane frå Eidsdal skule

Fjord

Kort om turen

Dette er ein koseleg rundtur som går sentrumsnært i Eidsdal. Store delar av turen går på gamle ferdslesvegar, råser eller skogsvegar, og det er fin variasjon mellom idyllisk natur og vandring gjennom busette område.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følgjer du vegen over elva og deretter gangvegen omlag 100 meter framover dalen. Ta til venstre på vegen til Kalvegjerdet. Når du kjem opp den vesle bakken, er det skilta rås opp til Rongane på høgre side av vegen. Råsa går bratt oppover langs ein djup elvedal før ho svingar til høgre og du kjem opp på ei lita høgde, ein hjell. Her ligg ei gammal utløe, og kulturbeitet er fint rydda. Råsa held fram opp gjennom bjørkeskogen til du møter skogsvegen, og straks du kjem opp hit, ser du turposten tjue meter lenger nede ved skogsvegen.

Rundturen vår held fram sørover, over elvegjølet og i slak stigning opp til tunet på Nyhjelle. På denne etappen går du gjennom nokre sauebeiter. Uroa ikkje dyra. Frå Nyhjelle følgjer vi Hjellevegen framom ein stor sauefjøs og ned ein liten bakke. Vi kjem til eit lite tun med ei ombygd løe som no er eit husvere/hytte på høgre side. Her svingar vi ned og følgjer gamlevegen nedover bøen og inn i eit skogsbelte. Snu deg gjerne og sjå oppatt på dei flotte steinmurane på Hjellane. dette er rydningsmurar og vitnar om eit enormt arbeid med å fjerne steinar frå bøane, men òg om dyktig handverk.

Skogsvegen kjem att på hovudvegen gjennom Eidsdal like ved ei flott sunnmørsstove. Følg hovudvegen ned til det fyrste tunet, og gå tvers gjennom tunet og ned gamlevegen bakom løa. Du må krysse ei lita grasmark før du kjem bort til hengebrua over elva. Den er gammal, og kryssing skjer på eige ansvar.

På andre sida er det god rås og deretter skogsvegn nedover i retning mot sentrum. Hald til høgre i alle stidele. Du kjem ned til eit bustadhus i Trilegjerdet, og følgjer grusvegen den siste etappen nedatt til parkeringsplassen ved skulen.

Tilkomst og parkering

Frå Eidsdal sentrum køyrer du knapt ein km før du svingar til høgre, kryssar elva og parkerer på den store parkeringsplassen rett nedanfor Eidsdal skule.
Fottur
Grønn
Lengde
3 km rundtur
Stigning
139 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
164 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Anna

På Hjellane går du framom fleire eldre bygg, m.a eit par kvernhus og den gamle framhaldsskulen i bygda.

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50.000 Turkart for Stranda kommune 1:50:000
Køyreskildring
Print ut