English

Rollonhytta

Sula

Kort om turen

Turen til Rollonhytta er ein enkel tur, og fin å gå heile året då det vinterstid ofte er oppkøyrd løype. Rollonhytta har åpen kiosk alle "raude" dagar og området rundt hytta er solrikt og høver godt for ein rast både sommar og vinter. Det er utedo som er open når hytta er open. 

Ruteskildring

Første del er ein gardsveg som går over i ein grusa tursti opp til ei bu. Ved bua har ein to val, anten gå vidare rett fram eller ta av 90 grader til høgre og følgje lysløypa vidare. Dersom ein går rett fram, må ein ta av til høgre omlag 150 meter lenger framme (ved ei bru) og så møtest dei to stiane lenger oppe. Då er det berre å halde seg etter skiltinga vidare oppover.

Du passerer Taustua ca. 400 meter før du når Rollonhytta. Begge hyttene har kisoksal på raude dagar.

Tilkomst og parkering

Turen startar frå parkeringsplassen i Grova ved nordenden av Mausavatnet. Grova teller to p-plassar - ein før undergangen og ein etter undergangen.

Det er også parkeringsplass ved idrettsplassen på Allheim, ved den sørlege enden av Mausavatnet. 

Fottur
Blå
Lengde
3,41 km en vei
Stigning
352 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
395 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,4

Offentleg transport

Sularuta passerer rett forbi parkeringsplassen. Haldeplass 50 meter frå gardsvegen. http://www.sularutelag.no (sjå linkar med Sulesund)

Kart

10076 Ålesund Turkart Norge-serien
Køyreskildring
Print ut