English

Rønstadhellaren

Haram

Kort om turen

Rønstadhellaren (90 meter lang og 13 meter høg) er ein av dei største sjøhellarane i Norden. Hellaren er grave ut av havet  då havnivået var mykje høgare enn i dag. I Rønstadhellaren er det gjort funn som skriv seg tilbake til år 200 e. Kr. Turen til Rønstadhellaren går i starten på lyngmark, men ein kjem snart over på svaberg - heile tida med nærleik til sjøen. Fleire stadar passerer ein også nokre sjøhellarar og spennande jettegryter. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Rønstad går ein på godt merka rås gjennom grasmark som snart går over til svaberg. Heile turstien går i småkupert terreng, og er merka med blå pinnar og T-ar på steinar.

Eit lite stykke etter Rønstad går ein forbi den smale passasjen i berget med konturane av «Smal-Hans». Her kan ein på litt avstand tydeleg sjå konturane i berget av ein mann som ikkje er heilt i godlunet. Det er ein smal passasje forbi berget og etter gammel overtru så betydde det ulykke å kome bort i «Smal-Hans». Som sikring er det sett opp kjetting som ein kan halde seg i. Rett utanfor ligg den svarte holmen «Ramnen» med fyrlykta på.

Fram mot Rået og Rønstadhellaren går ein forbi fleire sjøhellarar og jettegryter. Bergryggen som går lengst ut i sjøen blir kalla Gylta, og like utanfor Gylta går ei djup kløft som blir kalla Sildegjelet. Ved opninga av Sildegjelet er det er stor jettegryte som ein kan bade i. På varme sommardagar kan badevatnet der nå god temperatur utpå dagen.

I Rået er  det er sett opp ei lydkasse med opplysningar om området. Her er også Colombine-bukta, som har fått namnet etter seglskuta som dreiv i land etter eit forlis i 1886. Den einaste om overlevde var Betty Mouat, som framleisvar om bord, og som vart teke hand om av lokale folk før ho retunerte til Shetland. Det står ei minneplate med tekst om denne hendinga.

Frå Rået går det skilta tydeleg rås i god stigning opp grasryggen mot den godt synlege hellaren, men sus av forhistorisk tid. Ei gammal segn fortel om ein hund som graup inn gjennom Rønstadhellaren, og kom ut att i Skjonghellaren på Vigra, nokre dagar seinare, men då hårlaus.

På delar av turen kan det vere litt krevjande å ta seg fram, men har ein normal god bevegelegheit er det ingen problem. Turen passar også godt for familiar, men på nokre stadar vil nok dei minste trenge ei hand å halde i. Ver OBS på at det kan vere glatt å gå når det er nedbør.

Som eit alternativ kan ein gjerne følgje skilta og gå om Øvsteråsa ein av vegane (eller begge). Denne råsa er litt mindre krevjande og har nydeleg utsikt.

 

 

Tilkomst og parkering

Køyr Nordøyvegen (bomveg) over Lepsøybrua til Lepsøya. Her skal ein ta første avkøyring til venstre mot Rønstad. Ta også til venstre i neste avkøyring, og følg Rønstadvegen til endes. Her kan ein parkere på ein av dei to tillaga parkeringsplassane. 

Fottur
Blå
Lengde
1,48 km en vei
Stigning
134 m
Tidsbruk
1 t. 5 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
89 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut