Turen til Røhammaren har jevn stigning frå startpunktet. Etter skogholtet er det fin utsikt nordover øyane og en får i løpet av turen utsikt over både øyer og fastland.
Frå turparkeringa går det tursti, merka med skilt, på nordsida av skulebygget. Gå igjennom folkehelseområdet og følg merking opp mot Nordøyhallen. Start ved skilt til Røhammaren. I starten er det en gamal traktorveg, etter kvart ei blanding av steinheller og treklopper over våte område. Ved enden av traktorvegen er det nokre benkar som egner seg til både kvile og rast. Her er det fin utsikt mot nord. Fortsett til du når Røhammaren. For å få mest mogleg ut av turen og utsikta, rår vi til at du fortsetter søraustover på ytre rås eit stykke nedover. Det er etter kvart skilta til Stormyrhytta ved eit skogholt/kryss. Følg stien til Stormyrhytta der det er tilgang til kajakk, utedo og bålplass. Fortsett langs vatnet og opp på samme sti du var på tidligere. Returner herfra til startpunktet.
Parkering er den samme som for Folkehelseområdet, parkeringsplass nedafor skulebygget. Det er merka med skilt både ved hovedveien og opptil skuleplassen. Ingen parkeringsavgift. Godt med plass, lærerparkering på dagtid kvardager.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0,2 |
Grus | 0,2 |
Sti | 2,9 |