English

Rjåneskamben

Ørsta

Kort om turen

Rjåneskamben har ei bratt med kort oppstiging. Fantastisk utsikt er løn for innsatsen. På grunn av det milde klimaet og helling mot sola, smeltar snøven tidleg her.

Ruteskildring

Turen startar bak Liadalsvegen 972. Siste huset før svingen på oversida av E39. OBS: Dette er ein privat veg, her er det ikkje lov til å parkere, det gjer du på nedsida av E39, ved ungdomssenteret. Vær forsiktig når de kryssar vegen.

Etter ca 100 meter kjem du til eit inngjerda brønnhus. Her tek du til venstre. Det står Kamben på ein stein. Følg merking oppover. Stien er tydeleg, men er også merka med raude pinnar i trea. Rett før siste kneika til toppen er det mogleg å ta ei mindre bratt rute til høgre. Den går forbi ein utsiktsplass med benk.

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta kjør E39 mot Ålesund i ca 11km. Ved avkjøring til Rjånes ferie -og konferansesenter er parkering (nedsida av E39). Det står Ungdomssenter på skiltet. Er det fullt her, så er det parkering nede ved sjølve senteret. Dette er avklart med grunneigar. Gratis parkering. OBS: Vegen på oversida av E39 er privat og kan ikkje brukast til parkering for andre enn bebuarane.
Fottur
Blå
Lengde
0,79 km en vei
Stigning
302 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
323 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,9

Offentleg transport

Det er buss-stopp rett ved startpunktet. Sjå rutetider på frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut