English

Rjåneset

Ørsta

Kort om turen

Rjåneset er eit flott turområde med ein tilnærma universelt utforma turveg med to tilrettelagte fiskebrygger. Midt i området ligg den gamle fergekaia og småbåthamna. Turvegen ligg vest for småbåthamna, og i aust er det toalettbygg og badeplass med småsteinstrand og grassletter

Ruteskildring

Vest for den gamle fergekaia er det opparbeida tilnærma universelt utforma turveg med asfaltdekke. Turvegen går først langs inngangspartiet til ei hytte/rorburekke. Dette området kan opplevast litt privat, men er like fullt ein del av den offentlege turvegen. Etter rorburekka går turvegen vidare mot Rjåneset med sittegrupper og to fiskebrygger som er tilnærma universelt utforma. Det kan vere ein fordel å unngå å fiske ved fjøre sjø då det er relativt grunnt inntil fiskebryggene. Ved enden av turvegen er det ei sittegruppe og ein bålplass. Bålplassen er ikkje universelt utforma (i 2020).

Liadalsnipa kneisar opp i sin beste profil i aust

Aust for småbåthamna er det toalettbygg og ein badeplass med flotte grassletter.

Tilkomst og parkering

Frå hovudvegen nord/vest for Liadal følgjer du Rjånesvegen ned til den gamle fergekaia. Det er offentleg parkering og snuplass rett før det gamle kiosk og servicebygget. Området ved småbåthamna er privat og unngå å parkere der slik at ein er til hinder for ferdsel i naust og hamneområde.
Fottur
Grønn
Lengde
0,34 km en vei
Stigning
6 m
Tidsbruk
15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
5 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,7

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut