English

Ringstaddalen rundt

Ulstein

Kort om turen

På denne runda besøker du ni fjelltoppar på begge sider av Ringstaddalen. Utsikta er flott i alle retningar! Du held deg stort sett i Ulstein kommune, men er så vidt innom Hareid

Start og stopp ved Haddal skule.

Ruteskildring

Frå Haddal skule, gå ned til Haddalvegen. Følg denne i retning mot Ulsteinvik (NV) til du kjem til Elvabakken. Følg denne til Kvievegen. Gå inn Kvievegen til ca. Kvievegen 5. Her går det ein stikkveg opp til Spelhaugen. Stien går bak Spelhaugen 11. Sjå etter merkepinne. Når du har kome inn på råsa, følger du denne heile vegen til topps. Det er jamn stigning til Ringstadhornet. Her flatar det ut mot Garnestua. Frå Garnestua går du over til Flåna på tydeleg sti. Så går du tilbake, men følg stien på kanten så får du flott utsikt. Gå ned til vegen og hyttefeltet på Løset. Frå Løset går du over ei bru i retning hyttefeltet, austleg retning. Gå vegen til endes og litt vidare, til du finn råsa som går over myra. Her kan det vere svært vått og stien kan vere litt utydeleg. Etterkvart stig det opp lia til Kvamstua. Ta gjerne ein stopp og nyt utsikta! No er du på fjellryggen på motsatt side av dalen av der du gjekk i stad. Du får utsikt ut Vartdalsfjorden, mot Rovdefjorden og mot Sunnmørsalpane. No skal du følge ryggen sørover, over Høgnausa og til Kongsvollen. Grensa mellom Ulstein og Hareid går på denne ryggen. Før du når Kongsvollen skal du opp Bukketrappene. Her er det enkel klyving som dei aller fleste klarer fint. Frå Kongsvollen følger du stien vidare til Blåtinden, som er høgste toppen på Hareidlandet. Stien er tydeleg. Etterkvart har  du Hundelaupsvatnet på di høgre side. Frå Blåtinden skal du vidare til Haddalshornet. Stien er også her tydeleg. Ta turen opp den korte avstikkarane til Grøthornet. Frå Grøthornet følger du terrenget og delvis sti vidare til foten av Haddalshornet. Opp til Haddalshornet er stien tydeleg. No er du på siste toppen og du har vore på tur i mange timar. Gi deg tid til å nyte utsikta før du går tilbake same veg som du kom opp. Ved ca. 500 høgdemeter følger du stien ned Klungsdalen og til Indre Haddal. Du kjem ned i enden av Einehaugen. Gå Einehaugen og Haddalsvegen tilbake til skulen.

Tilkomst og parkering

Frå FV653 (Eiksundvegen) tek du av til Haddal på Haddalvegen. Køyr til du møter skilt Ringstaddalen. Rett etter du har tatt av til Ringstaddalen ligg Haddal skule. Har du bil, kan du parkere her.
Fottur
Rød
Lengde
19,61 km rundtur
Stigning
1478 m
Tidsbruk
9 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
696 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,3
Sti 18,31

Offentleg transport

Buss til Haddal. Kort veg å gå frå FV 653 til start. http://www.frammr.no

Anna

Dette er ein lang tur, så hugs nok mat og drikke. Ein kan fylle drikke ved Løset, og også mellom Kongsvollen og Blåtinden kan du finne vatn

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut