Turen til Rinden er ein variert tur som startar på fjellveg før ein går sti opp på Rinden. Litt bratt etter gapahuken på Sandslegene før ein kjem opp på fjellryggen. Fin utsikt i alle retningar, både ut mot storhavet og inn i fjordane og fjella. Mange er overraska over den gode utsikta frå Rinden.
Turen startar frå parkeringa på Skare, ein går traktorvegen til gapahuken Legebu og fyl deretter godt merka sti mot Rinden. Stien har nokre avstikkarar, men dei er godt skilta. Tipset er å halde til venstre der stiar møtast. Når ein kjem opp på Skora fylgjer ein fjellryggen i jamn stigning til målet. Frå Rinden har ein god utsikt i alle himmelretningar, der står ei sikteskive som ein kan lese av kva ein ser.
Alternative ruter går frå Breidablikk bygdemuseum og frå Sandsøy skule. Begge er godt merka og har parkeringsmoglegheiter.
Skarshaugen, i enden av fylkesveg 5860
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0,4 |
Grus | 3,0 |
Sti | 3,4 |