English

Rindarøy tursti

Aukra

Kort om turen

Rindarøy tursti er ein kort og flott tur ytterst i havgapet. Du kan oppleve både nydelege, stille og klare dagar med utsikt mot Galleskjæra og Bjørnsund og dagar med vind, regn og storbåre. Rindarøy velforening har sett opp ein gapahuk der du kan sitte i ly og nyte naturen også i ruskever. Ta også turen innom den lille dammen nedanfor gapahuken.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du på bilvegen nordvestover, opp bakken som svingar mot høgre. Ta 2. veg til venstre, du ser då Roktamonumentet. Stien startar når du går gjennom gjennom grinda ved Rokta monumentet. Starten av stien er grusa. Du kjem raskt til ei bru, etter denne følgjer du stien som går svakt til høgre. Etter vel 100 meter kjem du til gapahuken som ligg på høgre side. Litt nedom gapahuken er det ein liten sti mot venstre som går bort til ein dam der du finn fine små miniatyrar. Stien går vidare mot nordaust.I finver kan du også gå heit ned på det borterste berget. NB Du må ikkje gå dit når det er ruskever og storbåre. Det er farleg, ein veit aldri når ei ekstra stor båra slår over skjæra. 

Tilkomst og parkering

Det er ein god parkeringsplass på høgre side med det same du kjem over moloen til Rindarøya. Det er også eit par plassar ved roktamonumentet der turstien startar. Turstien starter ved å gå gjennom grinda ved Rokta monumentet. Hugs å lukke denne da det beiter sauer ved turstien.

Fottur
Grønn
Lengde
0,32 km en vei
Stigning
8 m
Tidsbruk
15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
13 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,1
Sti 0,2

Offentleg transport

Det er lite offentleg transport til Rindarøya. Sjå fram sin app for ruteinformasjon. Sykkel er eit godt transportmiddel på Gossen. Det er mange som kombinerer sykling og turar på turstiane.
Køyreskildring
Print ut