English

Rekdalsøygarden-Nakken

Vestnes

Kort om turen

Dette er ein kort, fin familietur med ein del stigning. Mange vil nok foretrekke ein kveldstur i solnedgang. Ein går i eit område med krigsminner etter tyskerne, "Stützpunkt Rekdal". Opp til Nakken følger ein for det meste samme stien med ein del steintrapper som vaktsoldatene brukte når dei skulle opp til utsiktspunktet for å passe skipsleia. 

Ruteskildring

Turen startar nede i Øygardsbukta ved ruinene etter matbrakka til tyskerne. Her er det parkeringsplass. Følg same vegen oppover til fylkesvegen som du kjørte ned, sving til venstre og følg fylkesvegen ca 200 meter og ta så til høgre ved opplysningstavla. Følg så skogsvegen/stien omlag 160 meter og ta til høgre ved merke ved "kapteinsbrakka". Her går ein gjennom gamle murer etter tyske bygninger og følger rød merka sti videre ca 500 meter, Ved murrester etter ei vaktbu er det turkasse. Herifrå er det knapt 100 meter opp til "Nakkelægda" med fin utsikt utover fjord og øyer.  

Tilkomst og parkering

For å komme til Rekdalsøygarden kjører du fylkesvei 661 med "Rekdalsvegen" Ein km vest for grensa mellom Haram og Vestnes svinger ein av fylkesvegen og kjører ned til parkeringsplassen i Øygardsbukta.
Fottur
Blå
Lengde
2,0 km tur/retur
Stigning
208 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
220 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0.2
Grus 0.2
Sti 0.5

Offentleg transport

Ja en kan reise med buss med utgangspunkt Vestnes eller Vatne.

Anna

Litt om Rekdalsøygarden og folket som budde der. http://www.bjerkevoll.net/248052134
Køyreskildring
Print ut