English

Postvegen frå Landedalen

Ålesund

Kort om turen

Postvegen mellom Trondheim og Bergen går over Ørskogfjellet. Denne turen er ein liten del av Postvegen. Turen går på god skogsveg/sti i nedover i retning mot bygda. På returen er det fin utsikt mot Ørskogfjellet. Turen kan forlengast lenger ned mot Sjøholt, eller gå lenger opp mot Ørskogfjellet.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du etter nokre meter på skrå opp til ventre på nyanlagt grusveg som fører inn i undergang under Europavegen. Her fortset du rett fram på grusvegen som ganske raskt går over i skogsveg. Vegen følgjer over ein liten ås og går etterkvart nedover igjen mot Tverrelva. Her er det ei historisk bru som det står informasjon om på plakat og stein like ved. Turen kan vere ein liten "ut å strekke på beina tur" når du er på biltur over Ørskogfjellet. 

Tilkomst og parkering

Parker på skilta parkeringsplass til Postvegen langs E39 mot Ørskogfjellet. Parkeringa er skilta frå begge retningar på Ørskogsida av Ørskogfjellet og ligg i den delen av vegen som har krabbefelt.

Fottur
Grønn
Lengde
1,17 km en vei
Stigning
51 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
249 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,4
Sti 1,9

Offentleg transport

Ja. Fram Ekspress går forbi kvar time.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut