English

Panoramavegen i Volda

Volda

Kort om turen

Nytt flomforebyggande tiltak har medført at Volda har fått ein flott turveg med fantastisk utsikt! Vegen har raskt fått namnet Panoramavegen og har blitt svært populær året rundt.

Ruteskildring

Start i Raudemyrvegen: Følg skogsvegen ca. 800 m, til svingen nedanfor Prestesætra. Her startar Panoramavegen. Du kan ikkje unngå å sjå den. Panoramavegen er ca. 1 km lang og går i same høgde heilt til Bergsvegen. 

Start i Bergsvegen: Her kjem du rett inn på Panoramavegen. Følg denne vestover til endes. Denne ruta har omtrent inga stigning. Ta gjerne turen opp til Prestesætra. For å kome dit, følger du Prestesætrevegen ca. 100 m 

Om du vil gå ein rundtur frå starten i Raudemyrvegen: Ta den bratte bakken ned langs elva i austenden av Panoramevegen. Ovanfor bebyggelsen går det ein eldre skogsveg som du kan følge tilbake til Raudemyrvegen.

Tilkomst og parkering

Det er to startpunkt for denne turen.

  • Raudemyrvegen: Parkeringsplass der turen startar øvst i Raudemyrvegen like før Håmyra byggefelt
  • Bergsvegen: Parkeringsplass der Panoramavegen startar
Fottur
Grønn
Lengde
3,75 km rundtur
Stigning
119 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
257 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,77

Anna

Panoramavegen bitt saman to turvegar (vegen til Dinglavatnet og Bergsvegen) og dette har medført at du no kan følge tur-/skogsveg heilt frå P-plassen øvst i Raudemyrvegen og til Volda skisenter. På turtavla i vestenden av Panoramavegen finn du oversikt over turar i området.

Kart

Nærturkart Volda, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut