English

Ospahjellen, øvre og nedre

Fjord

Kort om turen

Ein flott tur til to av dei nedlagde fjordgardane ved Norddalsfjorden. Spennande historikk knytt til gardane. Vakkert natur- og kulturlandskap. Turruta ligg inne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen på Kilsti. Herifrå er det merka og skilta. Start rett opp frå parkeringsplassen oppover ei myr før du kjem inn i open bjørkeskog, kryssar elva (på bru) og går opp til Kilstivatnet.

Vidare går du på austsida av vatnet framom ei bukt med eit naust og opp på ein liten kolle. Her deler råsa seg og du går til høgre, nordover. Fyrst går du over ei myr, før det vert bratt stigning opp mot Blåhornet. På ei myr nedanfor toppen deler råsa seg igjen. No fortset du beint fram mot nord, og rundar over aksla på Blåhornet. Råsa/gamlevegen går nedover ei myr før ho møter gamlevegen frå Ytste Kilsti.

Her svingar du til venstre/mot nordvest og går kring hundre meter før du kjem til eit skiltpunkt. Ved dette punktet svingar råsa til Ospahjellen av frå dei andre skilta turmåla: Du dreiar nordover mot fjorden og vert fyrst gåande i lisida med fri fjordutsyn. det fyrste stykket er råsa god, men over nokre myrer vert ho dårlegare (forsvinn dels) og du må sjå godt etter merkinga. Råsa svingar seg ned i bjørkeskogen, og vert betre når du kjem nedanfor myrene. Det går bratt nedover siste stykket til øvste Ospahjellen. Garden ligg på ei flate i terrenget mellom nokre bergskoltar. Det er eit fint utsynspunkt på vestsida av vollen. 

Råsa vidare ned til neste Ospahjellen går frå nordvestsida på gardsvollen. Terrenget er generelt nokså bratt, men råsa er stort sett grei. Følg likevel godt med på merkinga. Neste Ospahjellen ligg på ei smal hylle 180 meter over fjorden. Det er rås heilt ned til støa der dei har eit naust. 

Attende same vegen, om du ikkje har ordna deg med båtskyss heim.

Tilkomst og parkering

Følg fv 63 frå Eidsdal sentrum mot Geiranger. Etter om lag 6 km svingar du av på kommunevegen mot Kilsti/Rønneberg. Følg vegen 3,9 km til parkeringsplass på Kilsti. Her er det plass til 15-20 bilar.
Fottur
Blå
Lengde
3,67 km en vei
Stigning
189 m
Tidsbruk
1 t ein ve
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
647 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,3
Ingen sti 0,3

Offentleg transport

Få bussavgangar mellom Eidsdal og Geiranger gjer at det er vanskeleg å basere seg på offentleg transport.

Kart

Turkart for Norddal 1:50.000
Køyreskildring
Print ut