Osen bru er del av rundløyper både rundt Svarteløkvatnet og Mevatnet.
I Skodje er naturleg startpunkt på Fylling, anten frå parkeringsplassen ved Fylling skogsveg, eller frå parkeringsplassen ved Steinsetsætervegen. Skiløypene er lagt på sætrevegane derifrå
Ved sætreområdet omlag 4 km frå parkeringsplassane blir skiløypene kopla på eit løypenett m.a. rundt Svarteløkvatnet. Ved å ta traseen som går sør om Svarteløkvatnet kjem du til Osen bru, som er brua som går over elva mellom Svarteløkvatnet og Mevatnet.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 11,6 |