English

Osberget

Ørsta

Kort om turen

Småkupert grønvekst turveg som held omlag same høgde bortover fjellsida til utkikspunkt over Ose og Ørsta sentrum

Ruteskildring

Frå parkeringa går det ein turveg austover langs fjellsida. Turvegen held høgda bortover og har tilnærma ingen stigning. Sidan turvegen har mykje grøn vegetasjon gir den eit mjukt inntrykk og kjennes meir som ein brei og god sti enn grusa turveg. Det er benkar og bord ved enden av turvegen og flott utsyn over Ose og Ørsta sentrum. 

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta sentrum køyrer du mot Volda og tek av til venstre mot Rystefeltet (omlag 500 meter frå badeplassen på Vekslet/Ose). Samlevegen Oklavegen går rundt heile byggefeltet og du kan difor velje om du vil køyre høgre eller venstre side rundt til du kjem til Osskarvegen. Køyr oppover til du passer ein trafostasjon på venstre hand og fortsett på grusvegen til venstre. Stort parkeringsareal etter omlag 200m
Fottur
Grønn
Lengde
0,69 km en vei
Stigning
8 m
Tidsbruk
30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
175 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,69

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut