English

Orrenakken - Fiskå

Vanylven

Kort om turen

Fin rundtur rundt Tunheimshornet med noko stigning. Omlag halve turen går på veg medan den andre halva er i terreng. 

Ruteskildring

Frå Moens Motell går du i retning mot Fiskå på Vanylvsvegen. Ta så av til høgre og inn på Bautavegen når du kjem til eit fjøs på høgre side. Fortsett å følge denne vegen, som etterkvart går over til å bli grusveg. Nokon hundre meter lenger framme kjem du til eit fjøs på høgre side. Ta til høgre her og følg vegen langs marka opp til øvste hjørnet. Vidare er det merka sti i lett stigning opp til Orrenakken. På toppen av Orrenakken er det sett ut benk der du kan sitte og sjå ut over sentrum på Fikså og framover eidet mot Eidså. Fiskå IL har også ein turpost i ei postkasse her. 

Ned frå toppen går du same vegen litt tilbake før du går vidare ned gjennom skogen. Du kjem då inn på samme sti som går til Tunheimshornet. Følg denne stien ned til hovedvegen igjen, der tek du til høgre for å kome tilbake til startpunktet ved Moens Motell. 

Ved dårleg vêr er stien gjørmete og våt, det er difor anbefalt skikkelig skotøy. 

Tilkomst og parkering

Parkering ved Moens Motell som ligg ved Vanylvsvegen på Fiskå.
Fottur
Grønn
Lengde
3,63 km rundtur
Stigning
155 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
170 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut