English

Olavsvegen i Syltemoa

Fjord

Kort om turen

Fin, sentrumsnær tur frå Sylte i Valldal. Svært bratt i starten, før stien flatar ut og det er fint og fredeleg å gå framover i  Syltemoa. Dette er også starten på pilegrimsleia frå Valldal til Dovre.

Ruteskildring

Skilta sti frå Skulebrauta. Startpunktet ligg knapt 200 meter rett ovanfor Sylte kyrkje (retning Syltemoa, mot nordaust).

Bratt oppover på god sti dei første 300 meter, med utsyn til Valldal skule. På toppen kjem du til Korsbrekka, der står det ein bautastein med jernkross til minne om då Heilag-Olav drog gjennom Valldal. Her finn du også informasjonstavle og rastebenkar. Stien vidare er flat og fin framover Syltemoa. Følg god sti/turveg om lag 1,1 km frå Korsbrekka til leirdueskytebana på Oggaren (Øygarden). Turkassa er plassert på Hogsta, etter 800 meter, ved skiltstolpe, like før vegen går litt nedover att gjennom granskogen.

Vinterstid ligg det ofte snø og/eller is i terrenget, men det blir ikkje dei store snømengdene her nede ved fjorden så det kan vere fint å gå der likevel. Turen er mykje brukt, så det er ofte opptrakka spor å følgje.

NB! Ver merksam på skytetrening på leirduebana, særleg fredagskveldar sommarstid, varselskilt vert sett ut og det er sjølvsagt lov å passere.

Stien er også merka som pilegrimslei.

Alternativ for dei med hjul
Om ein vil unngå den bratte kneika i starten kan ein starte turen frå skytebana og snu på Korsbrekka.
Følg då fv. 63 frå hamna på Sylte/Valldal sentrum og framover dalen mot Trollstigen. Etter ca 2,5 km; ta til høgre rett etter ein høgresving og følg ein grusveg opp ein liten bakke. Det er 300 m til skytebana/startpunktet. Vegen er ikkje skilta eller merka. Det er plass til å parkere nokre bilar på merka p-plass, pass på så bilen ikkje er til hinder for ferdsel eller driftskøyring til jordbæråkrane. Det er ikkje høve til parkering heilt oppe ved skytebana.

Tilkomst og parkering

Parkering i sentrum eller ved Martin Linge-huset/Valldal skule.

Fottur
Grønn
Lengde
1,38 km en vei
Stigning
64 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
64 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,4

Offentleg transport

Anna

Valldalsleia
Dette er starten på Valldalsleia, pilegrimsleia frå Valldal til Dovre. Ved Korsbrekka, høgda der stien flatar ut, står det ein bautastein med jernkross til minne om då Heilag-Olav drog gjennom bygda i 1028/1029. Krossen vart sett opp midt på 1800-talet. Der er også informasjonstavle og kvilebenk. Turvegen er freda og oppattkalla etter Heilag-Olav. Det er tre gravhaugar i området.

Syltefjellet og klostertomta
Ved turkassa på Hogsta er det stidele. Det er skilta oppover Syltefjellet til Ytterli i Fjørå. Like før høgste punkt kan du også ta ein avstikkar til klostertomta. Flott utsikt!

Gå vidare framover dalen
Om du vil ha ein lengre tur kan du halde fram på turvegen rett fram forbi skytebana og framover til Døving, eller heilt til Bjørstad. Sjå kart og skilting undervegs.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut