Turen har mange små og spennande attraksjonar undervegs som gjer den kjekke både for barn og vaksne. Flott utsikt frå utsiktspunktet. Det er verdt ein tur oppom Hellaren, som er ei lita steinhytte.
Frå skiltet ved vegen gå 50 m langs gjerdet før du skråar oppver og finn ein tilgrodd traktorveg. Frå 170 m høgde krøker den tydelege stien seg opp til skoggrensa ved inngangen til Olavsdalen. Sjekk utsikta før du granskar terrenget og oppdagar den godt skjulte gamma under ein steinheller. Inn for døra kan du suge inn livsfilosofi før du vinkar til sauene og ruslar ned i bygda.
Køyr frå Sæbø sentrum over brua til Hustad og ca 500 m i retning Kvistad. Parker i svingen ved skiltet "Olavsdalen". Parkering for 3-4 bilar ved vegen. Elles er det godt plass å parkere i Sæbø sentrum ved hotellet, campingplassen, småbåthavna m.fl.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 2,97 |
Kulturminne: ei kylne ved starten på turen.