English

Okla (Pølsa) Vinterfottur

Ørsta

Kort om turen

Turen til Okla(Pølsa) Vinterstid kan det vere greitt å bruke skistaver, piggsko, broddar og haudelykt (kveldstur). Startar med jamn stigning opp til gapahuken ved vegenden med flott utsikt mot Hovdebygda. Vidare er brattaste partiet i ura før du kjem opp om skogen. Følg vidare sti langs ryggen av Okla til vindpølsa med flott utsikt mot Ørsta.  

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen kan du gå både skogsvegen 0.9 km grusveg sjå kart eller sti gps spor. Frå nederste parkeringplass ved mykje snø, følg vegen til lunneplassen som er øverste parkeringsplass, stien starter ca 100 meter frå bommen der. Turen har ei jamn stigning opp til vegenden/gapahuken som er en fin plass å ta ei pause, å nyte utsikta mot Hovdebygda. Vidare er der ved mykje snø ein vinter sti som vert brukt, som kjem inn på hovedråsa igjen ved starten av ura. Eller ved bart går ein inn i mot Osdalen der ein passerer Dalsmunn steingarden vil då sjå skilttavla etter ca 50 meter. Når ein kjem til det brattaste partiet ved ura brukar ein råsa til venstre når ein går opp den same nedatt ved lite snø (bart). Ved mykje snø går ein NED til venstre ved toppen av ura er skilta NED. Like før ein kjem ut av Oklaskogen er der ei hengekøye som er greitt å ta ei pause, å nyte utsikta. Når ein kjem ut av skogen følg ryggen av Okla til turmålet Okla (Pølsa). Råsa frå skogen til Okla (Pølsa) er merka med brøytestikker vinterstid. Kan då ta ei pause å nyte utsikta over Ørsta og omeng. Nokre dagar før jul og til nyttårsafta vert der sett opp ett juletre som er ca 5-6 meter høgt. OBS! kan bygge seg opp skavlar, så ikkje gå fram på kanten ved mykje snø. 

Tilkomst og parkering

Frå E39 ta av mot Rystefeltet. Der står infotavle ved starten av feltet. Ein kan kjøre begge vegar i første kryss. Skal øvst i feltet til høgre oppom husa der vegen går langs elva vidare til tranformatorstasjon Rystene. MØRENETT HAR GITT LØYVE TIL PARKERING AV BILAR, MEN VIKTIG Å IKKJE STENGE TILKOMST TIL BYGGET. DER ER 5-6 OPPMERKA BILPARKERINGSPLASSAR. NÅR VEGEN TIL PARKERINGSPLASS/LUNNEPLASS ER STENGT SJÅ BILDE.
Fottur
Blå
Lengde
3,63 km tur/retur
Stigning
468 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
615 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0.9
Sti 3.63

Offentleg transport

Ved E39 er der busstopp frå Volda ved inngang av Rystefeltet, følg så gangveg til infotavle. Frå Ørsta ca 300 meter forbi krysset, kan då gå tilbake til info tavle ved inngang av Rystefeltet.

Kart

Sunnmøre Ørsta
Køyreskildring
Print ut