English

Okla(Pølsa) sommartur

Ørsta

Kort om turen

Turen til Okla(Pølsa) Sommar, er ein flott tur både på dagtid og kveldstid. Startar med jamn stigning opp til gapahuken ved vegenden med flott utsikt mot Hovdebygda. Vidare er brattaste partiet i ura før du kjem opp om skogen. Følg vidare sti langs ryggen av Okla til vindpølsa med flott utsikt mot Ørsta. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen kan du gå både skogsvegen 0,9 km eller på sti. Stien startar ca 100 meter frå parkeringsplassen. Ved enden av skogsvegen ca 0,9 km er der ein gapahuk, der en kan sette seg å ta ei pause. Her ved inngangen til Osdalen vil ein passere Dalsmunngarden (steingard) og kjem snart til eit skilt som er merka med Pølsa/Okla, ta av her. Stien er steinlagt mange plassar. Brattaste partiet på turen er når ein kjem til ura. Stien er tydelig og tilrettelagt med steinar oppover. Like før en kjem ut av Oklaskogen er der plassert ei hengekøye og det er mogleg å sette seg ned ved sida av, med fin utsikt mot Hovdebygda. Når en kjem ut av skogen følger ein stien oppover til Pølsa/Okla. Ved pølsa er det fint å sette seg å ta ei pause å nyte utsikta. Her er også ei turkasse til å skrive seg inn i. turen tilbake er berre å følje stien nedatt. 

Tilkomst og parkering

Frå E39 tek ein av mot Rystefeltet. Der står infotavle ved starten av feltet. Ein kan kjøre begge vegar i første kryss. Skal ein øverst i feltet til høgre oppom husa der vegen går langs elva videre til tranformatorstasjonen Rystene. Første veg oppom den er ein grusveg som fører til lunneplassen som vert brukt til parkeringsplass med plass til 20-25 biler. Her er også Infotavle over Osdalen. Skogsvegar videre er stengt.

Fottur
Blå
Lengde
1,72 km en vei
Stigning
452 m
Tidsbruk
2 t. 0 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
615 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0.9
Sti 3.63

Offentleg transport

Ved E39 er der busstopp frå Volda ved inngang av Rystefeltet, følg så gangveg til infotavle. Frå Ørsta ca 300 meter forbi krysset, kan då gå tilbake til info tavle ved inngang av Rystefeltet.

Kart

Sunnmøre
Køyreskildring
Print ut