English

Øvre Finnvikslettet

Surnadal

Kort om turen

Dette trimposten ligg oppi Strengtraseen, omtrent halvvegs mellom Øygardshalsen og Klåberget. Hit er det fint å gå om ein tur til Øygardshalsen blir for kort, eller om du ønskjer ein tur der det er moro å renne heim att også på langrennsski. Dette kan også vera ein litt lun tur på ein dag med ruskevær.

Ruteskildring

Startpunkt for turen er klubbhuset ved skianlegget til i.l. Søya på Vang, og turen går etter oppkøyrd løypenett. Gå inn i lysløypa på venstre side av vegen og fortsett vidare i same retning du kom køyrande. Følj først skilta fram til Stikk UT!-posten ved Øygardshalsen, men fortsett forbi og oppover lia.  Du finn turmålet der det tråkka sporet svingar mot høgre, utover mot Klåberget. I dei periodane det er oppkøyrt spor til Langvatnet, er dette i «krysset» der skisporet deler seg.

Tilkomst og parkering

Dersom du er ukjent og skal køyre til startpunktet, kan det vera lurt å ta utgangspunkt i vegkrysset som ligg på riksveg 670 ein stor km frå ferjekaia på Kvanne i retning Skei. På øversida av vegen her startar Røvegen. Herifrå er vegen mot Vang skiarena skilta, og det er i underkant av tre kilometer fram dit. Ved skiarenaen parkerer du ved skilta parkering.

Skitur
Blå Løype
Lengde
3,83 km en vei
Stigning
306 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
472 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei
Køyreskildring
Print ut