English

Oaldsvatnet

Fjord

Kort om turen

Oaldsvatnet er eit godt fiskevatn og ligg i eit område med moglegheiter for fleire toppturar. Området ligg inne i Unesco verdsarvområdet. Kulturhistorie knytt til den gamle telefonlina til Oaldsbygda. Fangstanlegg i området.

Ruteskildring

Turen startar på rasteplassen på Eide, på nordvestsida av Eidsvatnet. Her er det ope toalett i sommarhalvåret, og på rasteplassen finst ei informasjonstavle med oversyn over turar i område og viktige påminningar.

Du følgjer fyrst ein gammal kjerreveg langsmed vestsida av vatnet. Ved nokre hytter svingar vegen skarpt mot vest og du startar stigninga opp mot Eidsheia. Ved den øvste hytta kryssar du elva på ei steinklopp og held fram opp på Blåbærhaugen. Her får du 15-20 meter unnabakke før det igjen stig bratt opp mot Eidsheia. No er det jamn stigning opp til turposten som ligg 862 moh. Råsa slynger seg oppover den breie åsryggen, avgrensa av ei elv på kvar side.

Frå turposten på Eidsheia er det ei lita kneik til, men så slakkar terrenget litt av, og råsa følgjer vidare oppover like ved den gamle telefonlina til Oaldsbygda. Rett før ein byrjar på eit parti med meir ur, deler råsa seg, og ei anna ruta følgjer datgangen innover til Solskaret. Vår rute går noko brattare opp gjennom ura mot sørvest. Det er ein forholdsvis kort bakke før terrenget igjen flatar av innover mot Oaldsvatnet. Siste etappen går i steinur, men stort sett store og stabile steinar. Lettgått for den som er litt fjellvandt. Frå Oaldsvatnet er det merka og skilta vidare til Tretindanibba og Oaldsbygda.

Tilkomst og parkering

Frå Eidsdal sentrum følgjer du fv.63 mot Geiranger. Etter ca. 10 km parkerer du på rasteplassen ved Eidsvatnet.P-plassen ligg i nordvestenden av vatnet, like før du køyrer over Eide bru.
Fottur
Rød
Lengde
3,5 km en vei
Stigning
749 m
Tidsbruk
2 t. opp
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1173 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,5

Offentleg transport

Du ka ta buss frå Eidsdal sentrum til Eidsvatnet (Eide). Sjekk bussruter mellom Eidsdal og Geiranger på https://frammr.no/ Merk at det går få ruter i dette området.

Anna

Oaldsvatnet er rekna som eit godt fiske vatn. Hugs å kjøpe fiskekort. Dette kan gjerast i kassa like etter turstart.

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50:000
Køyreskildring
Print ut